KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ
KJØP SJÅ KJØP SJÅ KJØP SJÅ KJØP SJÅ
hva: sjå #3 sanser
medie: trykk, foto, tekst, lyd
når: mai 2021
hvor: Bergen
sider: 162
opplag: 150
pris: kr. 150,-
Utsalgssteder:
︎︎︎ Boksalongen (Bergen)
︎︎︎ Hordaland kunstsenter (Bergen)
︎︎︎ Trondsmo (Oslo)
︎︎︎ Oslo Foto (Oslo)
Kjøp sjå #3 ved å sende oss en mail
︎︎︎ sjaamagasin@gmail.com
︎︎︎ betaling via vipps
︎︎︎ bor du ikke i Bergen? frakt kr. 60,-

På ein busstur for tre år sidan skulle eg koma til å oppleva noko som ville endra måten eg såg på sansane. Bussen var stappfull med menneske og eg hadde teke på meg hovudtelefonar for å stenga ute lyden. Eg var veldig opptatt av meditasjon på den tida og hadde skaffa meg ein slik applikasjon som skulle rettleia meg gjennom dette. Eg lukka auga og lytta til ei stemme som ba meg om å aktivera luktesansen, noko eg først syntest var rart for det lukta jo ikkje noko spesielt på bussen der eg sat. Plutseleg trefte det meg, og det var som om eg kunne lukta alle menneska rundt meg, alle kroppar, både dei med litt for mykje og dei heilt utan parfyme. Dei som bruker tøymjuknar med kokoslukt og dei som gløymde kleda i vaskemaskina litt for lenge. Eg kunne lukta kaffi, sure sokkar, søtt pålegg på tørr brødskive, antibac, frisk tyggis som gøymer lukta av sigarett, uro og nyforelsking. Luktesansen min var no så sterk at eg prøvde å kjempa imot han. Stemma kjem tilbake. Eg vert beden om å opna auga mine igjen, luktene forsvinn like fort som dei kom. For meg var det ein busstur som måtte til for at eg skulle forstå kor sterke sansane kan vera berre vi let dei ta litt meir plass. Å forstå at noko vi kanskje tek litt for gitt i kvardagen kan knyta oss endå nærare omgivnadene våre. Ikkje ignorer, prøv å oppfatta, kom i kontakt og la sansane ta litt over.
I denne utgåva av Sjå magasin vil vi gjere akkurat dette, saman. Vi skal utforska sans for sans gjennom analogt fotografi, kunst, poesi, tekst, men denne gongen også lyd i form av vår heilt eigen cd. Vi skal smaka på vonde nøklar saman med Imad Alwahibii diktet Smaken av metall. Vi skal lukta på utdrag frå Giulia Avella si prosadiktsam- ling Sykluser, der ho let oss lukta på kvardagens sakn etter det som ein gong var. Vi skal føla kjærleg nærleik, i bileteserien Husker du? av Leah Håland Solomons,der framande menneske fortel om dei mest intime minna sine. Samstundes skal vi kjenna på dei brutale hendene som ein gong var milde og korleis kjærlege gestar kan verta valdelege i bileteserien Gentle touch av Cosmo Großbach. Vi skal sjå på synets sanselege dominans i Erick Trondsson Kjellevold sin tekst om favoriseringa av auget i arkitekturen gjennom tidene. Vi skal lytte til Lytt, eit pulserande lydlandskap av Inish Hedén Næss som gjennom skogen, knivskuffen og binaurale beats kan føre til ei endring i kognisjonen vår. Til slutt skal vi bla gjennom det analoge fotoalbumetMånebedotten saman, side for side skal vi føla papiret i handa, medan auga grip tak i fotografi tatt av 28 ulike fotografar, som syner dei sanselege opplevingane som nærleik, behov, kontrast og støy.
Tusen takk til ein heilt nydeleg redaksjon, alle bidragsytarar, alle støttespelarar og supre Sofie Svanes som har utforma magasinet.
Skru på sansane.
Tuva Rasmussen Tørresdal, redaktør







Redaksjon
Redaktør og PR:
Økonomiansvarleg:
Tekstansvarlege:
Erick Trondsson Kjellevold
Grafisk design:
Sofie Svanes
Redaktør og PR:
Tuva Rasmussen Tørresdal
Økonomiansvarleg:
Amalie Trones
Tekstansvarlege:
Erick Trondsson Kjellevold
Eivor Slågdal
Amalie Trones
Synne Linge Trygstad
Øvrig redaksjon:
Mila Elisabeth Larvoll
Nora Kirkvold Sæter
Emili Rønning
Jenny Hallre Trømborg
Grafisk design:
Sofie Svanes
Bidragsytere
Aron Mørch Eskeland
Aron Mørch Eskeland
Tatiana Lpzano
Brage Sunde
Eivor Slågdal
Michael Laundry
Laura Ruuder
Imad Alwahibi
Giulia Avella
Magnus Sølvberg
Maren Wallevik
Haldis Hognestad Hasler
Erick Trondsson Kjellevold
Emily McLean
Johanna Zborowska
Kittiya Yaowalak
Fredrika Eriksson
Cosmo Grossbach
Leah Håland Solomons
Mila Elisabeth Larvoll
Ada Miko
Iselin Eriksen
Peder Niilas Tårnesvik
Inish Hedén Næss
Julie Lillelien Porter
Synne Linge Trygstad
Maria Helena K. Nerhus
Tuva Rasmussen Tørresdal
Månebedotten fotografer:
Amalie Trones
Pål Bringe