KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    KJØP SJÅ NÅ    



tema: 

    ROM





hva:    sjå #2 ROM
medie:  trykk,foto,tekst
når:    6.desember 2020
hvor:   Bergen

sider:  134
opplag: 250
       



           










      







       


  


ROM kjem frå norrønt rúm og omfatter ei rekke betydningar. Ein har den konkrete, fastsette betydninga, og ein har det abstrakte, det udefinerbare, det personlege. 

I fotografering kan rom vere ei ramme og ei avgrensning, men også moglegheita til å utfalde seg og sjølv definere/udefinere motivet. Både Francesca Woodman sine sjølvportrett og Carrie Mae Weems’ The Kitchen Table Series er gode døme på rom nytta i det estetiske.

I litteraturen kan ein finne venterom, utandørs og evig, som i Vente på Godot av Samuel Beckett. I Georges Perec’s La Vie mode d’emploi er ein parisisk bygning beskrive ned til minste detalj, med alle sine etasjar, gjenstandar, personar, livshistoriar. Ein får ei kjensle av ulike rom ein befinner seg i. Soverom, offentleg rom, pusterom, hemmelege rom, indre rom, verdensrom, rom for tvil, rom for utskeiing.

Då vi byrja arbeidet med Sjå #2 i sumar, hadde sars-CoV-2 alt herja i fleire månader. Pandemien har på mange måtar tvinga oss til å sjå vårt eige liv og samfunn på nye måtar. Ordet ROM har fått ei ny tyding for alle. Med lockdown, vart det brått synleg kva vi definerer som heimen vår, og kva fysiske rom som viste seg å vere ein større del av livet vårt enn det vi var klar over. Og ikkje minst kva personar som utgjorde dei romma for oss. Alle dei kjente andleta som du pleidde å sjå på ulike barar og dansegolv, personar som du eigentleg ikkje kjenner, er blitt nokon du saknar. Behovet for å koma seg vekk, reise, treffe nokon nye, strider imot myndigheitene sine tilrådingar for godt smittevern. Nye tilstandar som karantene og isolasjon tvingar deg til å vite kor du har opphalde deg til ein kvar tid.

Denne utgåva av Sjå magasin tematiserer rom gjennom analog fotografi, kunst, poesi og tekst. I Maria Helena Nerhus sitt møte med Lea Sangolt, får vi eit innblikk i ein barndomsheim og korleis gamle møblar kan nyttast om att. Performancen “My body is my business” av Natalie Seifert Eliassen tematiserer hotellrom og kropp som arbeidsplass, og det å gøyme seg bak dei mange maskene kunstnaren har laga. Dikt frå Eivor Slågedal og Mads Skram Lerø tek oss med inn i vakre og vonde rom, og Suzanne Maéla Nyquist Liengaard sin musikkvideo inn i bybiletet sine mellombelse forlatte og forfalne bygningar. Utval frå draumedagboka til Erick Trondsson Kjellevold er ei djupt personleg skildring av ei useieleg sorg etter eit brått tomrom. Det analoge fotoalbumet Månebedotten syner oss intimitet, forfall, lys, relasjonar og det føregåande gjennom verk av 28 ulike fotografar. I tillegg er eit knippe utval analoge bilete teke av fotografar frå Mørkerommet fotokollektiv på arrangementa til Prøverommet vist fram i ein eigen seksjon.

Takk til redaksjonen, alle som har bidrege med tekst og bilete, Prøverommet og Kristina Melbø Valvik og vår fantastiske Sofie Svanes som har utforma magasinet.

Velkomen inn.
Amalie Trones, redaktør







Sjå #2 ROM er eit samarbeid med Prøverommet - BIT Teatergarasjen sitt nomadiske visningsrom i Bergen.